Hausken kyrkje
Hausken kyrkje

Soknekyrkja for Rennesøy sokneråd ligg oppe på Hausken, ved Vikevåg sentrum, Rennesøy.

Det er ei tømmerkyrkje frå 1857, arkitekt var C. H. Grosch.
Kyrkja har 240 sitteplassar, medrekna galleriet.
 
Orgelet er eit Rieger - Kloss pipeorgel med 12 stemmer frå 1967. Det er planar om utskifting.
 
Det har vore kyrkjer på denne vakre staden i lange tider. Så langt tilbake som i 1327 skal det ha vore ei stavkyrkje her, denne skal ha blitt revet ca. år 1660. Då vart det bygd ny kyrkje. Det nevnes og bygging av ny kyrkje i 1752, så dagens kyrkje er truleg den fjerde her.

Du finner mer informasjon om kirka på www.kirkesok.no.

Jubileumshefte for ”Hausken kyrkje- trøyst og håp i tusen år” er fortsatt tilgjengelig. Heftet ble skrevet i anledning kirkens 150 års jubileum og restaureringsarbeidet som ble avsluttet i 2008. Interessert kan ta kontakt med kirkekontoret.
Til salgs for kr. 150,-. Konto: 3230.56.82054



Del denne artikkel på e-post