Kyrkjebladet
Kyrkjebladet
Kyrkjebladet

Noen mangler i Kyrkjebladets siste utgave. 

I disse dager leveres siste nummer av Kyrkjebladet ut til husstandene i Rennesøy. Vi ser at det beklageligvis er noen mangler i dette bladet. Blant annet en sommerhilsen fra soknepresten, omtale om menighetsweekend, innslag fra Kyrkjebladet for 50-år siden, og litt informasjon om babysang. Her kommer det:-) God sommer!

I den grøne fargens namn…
I skrivande stund befinn vi oss i midten av mai. Av dei tolv månadene vi har i året trur eg mai må vere favorittmånaden min. Det gjer godt å kjenne solstrålene varme på huden igjen. Det gjer godt å høyre fuglesong og sauebreking frå nyfødde lam, og sjå naturen rundt oss som på kort tid har teke på seg den grøne drakta. Eg tenker vi er heldige som får bu her på dei grøne øyane – her vi verkeleg kan få oppleve grønfargen fra beitemarkene få spele seg med blåfargane frå havet og himmelen. I kyrkja står den liturgisk grøne fargen og for liv og vekst. Det er jo ikkje berre i naturen det veks. Trua vår kan og spire og gro. I kyrkjeåret er den grøne fargen difor å rekna som kvardagen – den det er flest av; for i kvardagen kan trua vår få vekse, mognast og utfalde seg i lyset frå Jesus – saman med Jesus. I kvardagens trivialitetar og utfordringar treng trua vår både lys, og næring for å gje vekst. I matteus 28, 20, lovar Jesus å vere med alle dagar, og alle slags dagar og i Johannes kap 10,10 seier han: «Eg er komen for at de skal ha liv og overflod». 
Med ønske om ein grøn og overflodig sumar! 
Helsing Kjetil, sokneprest

Menighetsweekend
21.-23. september reiser menigheten på tur til Vier leirsted ved Hommersåk. Håper så mange som mulig, i alle aldre, setter av helga og bidrar til at det blir en inspirerende og opplevelsesrik helg med godt samhold og mye latter. Priser, program og mer informasjon kommer etter hvert. Følg med på facebook og kunngjøringer. 

Frå kyrkjebladet nr. 3 1968. 
«Det vart ein stor og rik kveld i Hausken kyrkje den 24.februar då det nye kyrkjeorgelet vart vigd. Domorganist Mæland spela, Kristina Edland song og soknepresten heldt talen. Med 1. mos. 2, 15 og Johs. 1, 29 som tekst karakteriserte han eit orgel som «eit stykke kultur» og som «ein medfylgjande tenar» for Ordet frå Gud». 
Frå kyrkjebladet nr. 4 1968. 
 «Frå 1. april dette år skal Sosialstyret setja igang ei heimehjelpsordning for eldre og uføre, i samband med helselaga. Dei som får alderstrygd eller uføretrygd og treng heimehjelp kan venda seg til styret i helselaga. Ordninga er då slik, førebels, at ein kan få hjelp 4 timar kvar veke. Dei som får hjelp, betalar kr 2,- pr. time». 

Babysang

Oppstartsdato for høstsemesteret: 20. august. Babysang er normalt annenhver mandag kl. 10.00 i Hausken kyrkje.
Program for høsten blir lagt på hjemmeside/Facebook. 
Passer for barn i alderen 0-12 måneder. Sangstunden varer ca. en halv time. Etterpå spiser vi lunsj og de som ønsker kan gå en trilletur sammen. Ta med matpakke, så tilbyr vi kaffe, te og frukt. Babysang Rennesøy og Mosterøy menigheter har lukket gruppe på Facebook. Her blir det lagt ut informasjon til alle.

 

 




Del denne artikkel på e-post